fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Bokbad med Marit Eikemo

Bokbad med Marit Eikemo

Forfattar Marit Eikemo snakkar om romanen Team Tuva med Peter F. Strassegger.

Marit Eikemo er ein av dei mest kritikarroste og folkekjære forfattarar i Noreg i dag. No er ho aktuell med romanen Team Tuva, ein roman om individet i felleskapet, om Tuva sett gjennom augo til fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren og psykologen. Korleis ser dei på ho? Ser dei ho i det heile, og forstår dei kva ho treng? Møt Eikemo i samtale med forfattar og psykolog Peter F. Strassegger om, ja, nettopp Tuva.

Arrangør: Garborgdagar
Foto: Agnete Brun, Samlaget

Kjøp billett