fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Garborg  som  ordkunstnar  |  Sylfest  Lomheim

Garborg som ordkunstnar | Sylfest Lomheim

Stad: Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek
Pris: 100 kr
Arrangør: Time mållag og Garborgdagar
KJØP BILLETT

Garborg som ordkunstnar. Foredrag med professor Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim er ein norsk språkvitar, forfattar og folkeopplysar. Han var styremedlem i Garborgåret 2001, direktør for Språkrådet frå 2004—2010, og har tidlegare publisert fleire bøker og artiklar om språklege og språkpolitiske spørsmål. Lomheim var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk. Lomheim er kjend som ein engasjerande og kunnskapsrik foredragshaldar, og vil snakka om Garborg sin bruk av språket under årets Garborgdagar.

Foto: Samlaget

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.

Kjøp billett