fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Heimfødingar | Opplesingar med Øyvind Rimbereid og Ingrid Nielsen.

Heimfødingar | Opplesingar med Øyvind Rimbereid og Ingrid Nielsen.

Tid: Laurdag 30. januar kl. 15.00
Stad: Mellombels
Pris: Gratis
Arrangør: Garborgdagar, Mellombels ølstove, Rogaland Forfattarlag

Heimfødingar
Opplesingar med Øyvind Rimbereid og Ingrid Nielsen.

Heimfødingar er eit konsept kor me får bli kjende med nokre av dei lokale forfattarstemmane og kanskje få augo opp for den litteraturen som blir skriven i Rogaland i dag.

I 2020 får me opplesingar ved lyrikarane Øyvind Rimbereid og Ingrid Nielsen.

Ingrid Nielsen (f. 1968) kjem frå Stavanger og debuterte i 2016 med diktsamlinga “Hemmelig, men aldri som en tyv”. I 2020 kom diktsamlinga “Den andre Jakobstigen” som blei nominert til Ungdommens kritikerpris. Ho er litteraturvitar og tilsett ved Lesesenteret på UiS.

Øyvind Rimbereid (f.1966) er ein av Noregs mest markerte og nyskapande forfattarar. Han debuterte i 1993 og har sidan gitt ut 13 verk. Han har vunne fleire prisar, mellom anna Dobloug-prisen og Brageprisen, og er to gonger nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Konferansierar er Peter F. Strassegger og Ørjan Zazzera Johansen.

Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfatterlag.