fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Hilde  Selvikvåg  |  konsert  med  strykekvartett

Hilde Selvikvåg | konsert med strykekvartett

Stad: Storstova
Pris: kr 350 KJØP BILLETT
Arrangør: Garborgdagar

Som avslutning på årets Garborgdagar er komiteen glade for å kunna presentera Hilde Selvikvåg i ein eksklusiv konsert med strykekvartett.

Artisten frå Lyefjell har på dei siste åra fått stor suksess med Spellemannsnominasjon av debutalbumet og fleire store radiohits. Fengande songar som «Karusell», «Indie» og «Fryd» snike seg inn i mange hjarter og synt at ho er ein unik artist og låtskrivar som vågar å gå sine eigne vegar.

I høve Garborgdagane presenterer me ein eksklusiv konsert med Hilde Selvikvåg i Storstova på Jæren den 30. januar. Denne gongen i ei meir akustisk og personleg drakt. Her får du høyra henne i si skjøraste, næraste form, aleine attmed tangentane saman med ein stykekvartett frå SSO.

Ærleg og ekte formidlar ho tekstane sine på klingande jærsk, slik bare ho kan, og kallar fram latter så vel som tårer med varme og nærvær av dei sjeldne.

Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfatterlag.

Kjøp billett