fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Hva er å komme hjem? | Opningsforedrag ved Vigdis Hjort

Hva er å komme hjem? | Opningsforedrag ved Vigdis Hjort

Arrangør: Garborgdagar
Pris: kr 200
Arrangementet på Facebook
KJØP BILLETT

Fire år etter den opprivande debatten om røyndomslitteratur i kjølvatnet av romanen Arv og miljø (2016) fortset Vigdis Hjorth å utforska forholdet mellom mor og dotter i sin nyaste roman, Er mor død. I romanens kolofon er Arne Garborgs roman Den bortkomne faderen oppgitt som inspirasjonskjelde. I foredraget “Hva er å komme hjem?” snakkar ho om Er mor død i lys av særleg Den bortkomne faderen, men også Henrik Ibsens drama Samfunnets støtter.

Hjorth har stått fram som ein av dei mest markante forfattarane i vår tid og har vunne mange prisar for forfattarskapen sin. Romanen Arv og miljø vant Bokhandlerprisen 2016, og blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.I Norge er boka trykt i eit opplag på over 150 000 eksemplar, og seld til heile 27 land, blant anna Aserbajdsjan, Brasil, Egypt, Frankrike, Russland, Spania, USA og Sør-Korea.

Ordførar i Time kommune Andreas Vollsund står for offisiell og høgtideleg opning av Garborgdagar.

Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfatterlag.

Foto: Sara Angelica Spelling

Kjøp billett