fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Om  døden  |  samtale  mellom  presten  og  humanetikaren

Om døden | samtale mellom presten og humanetikaren

Arrangør: Garborgdagar
Pris: kr 100
KJØP BILLETT

Om døden. Samtale mellom presten og humanetikaren 
«Vi er kontinuerlig omgitt av den døde verdens gjenstander og fenomener. Likevel er det få ting som vekker større ubehag hos oss enn å se et menneske fanget i den, i alle fall om man skal dømme etter de anstrengelsene vi gjør for å holde de døde kroppene ute av syne», skriv Karl Ove Knausgård. 
 
Pustar me, så døyr me. For dette er sanninga: Ein dag skal me alle døy. Kvifor er det då så vanskeleg å snakka om døden?
 
Prest Just Salvesen og humanetikar Finn E. Våga samtalar denne kvelden om døden, med ulikt livssyn som bakgrunnsteppe. Begge er vane med å møta menneske i glede og sorg, i vigsel og gravferd. Salvesen som sokneprest, Våga som human-etisk seremonileiar. Kva er felles, og kva er ulikt for dei?
 
Salvesen har nyleg flytta prestegjerninga si frå Tananger til Klepp kyrkje. Våga er, i tillegg til å vera journalist og fotograf, vigslar og gravferdshaldar i Human-Etisk forbund.
 
BILDE: Alt A: Lit de parade/Post mortem-bilde. Edvard Griegs hender.
Foto: Anders Beer Wilse/Nasjonalbiblioteket

Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfatterlag.

Kjøp billett