fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Skriv  deg  til  mor,  Hulda!  |  Aina  Villanger

Skriv deg til mor, Hulda! | Aina Villanger

Stad: Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek
Pris: 100 / 250 kr (inkl. Kolbotnbrev)
Arrangør: Garborgdagar
KJØP BILLETT

Peter F. Strassegger snakkar med forfattar Aina Villanger om boka Nattnød

Då Arne og Hulda Garborg blei foreldre skreiv dei svært ulikt om det å få barn. Dei patriakalske strukturane hadde påverknad på måten menn og kvinner skreiv om dette. Er det framleis slik? Har skrivemåten endra seg etter kvart som Noreg er blitt meir likestilt? Stadig fleire samtidsforfattarar skriv bøker om det å bli eller skulla bli forelder, og i 2019 gav Aina Villanger ut Nattnød, ei diktsamling som tematiserer morskap. Me møter henne til ein samtale med Peter F. Strassegger om boka, og om skilnaden mellom det å vera forfattar og mor i dag og før.

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.

Foto: Baard Henriksen

Kjøp billett