fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Snakk om framtidsmennesket

Snakk om framtidsmennesket

Kven er framtidsmennesket? Og kva slags samfunn lever framtidsmenneska i?

Ingvil Førland Hellstrand og Anders Riel Müller, begge tilsette ved Universitetet i Stavanger, kjem til Snakk! for å samtala om desse spørsmåla.

Hellstrand er fyrsteamanuensis ved det samfunnsvitskaplege fakultetet på UiS. Science fiction er eit av fagfelta hennar. Ho er dessutan ein av grunnleggarane av The Monster Network.

Müller er prosjektleiar for nettverket for Smartby-forsking, og veit mykje om teknologiane som formar byane våre. Ny teknologi gjev oss storslåtte moglegheiter, men også ein god del utfordringar som me ikkje bør la vera å diskutera når me bygger vidare på framtidsbyane våre.

Kjøp billett