Arrangør: Jæren Senioruniversitet
Pris: Kr 100/medl. av senioruniversitetet gratis
KJØP BILLETT
Per Buvik held foredrag om Garborgs Trette menn som ironisk tidsdokument.
I 1891 gav Arne Garborg ut romanen “Trætte Mænd”, ein av hans mest lesne og omdiskuterte. Romanen tek temperaturen på eit tidsskilje. Dei politiske kampåra på 1880-talet vart avløyste av ei meir individualistisk, distansert og dekadent tidsånd. I litteraturen veik naturalismen plass for nyromantikk.
I foredraget vil Per Buvik dels sjå Garborgs roman i ein europeisk samtidskontekst og dels diskutera Garborgs ironi. Han vil drøfta bruken av ulike former for ironi i litteraturen, og spesielt forholdet mellom ironi, humor og komikk.
Per Buvik er professor emeritus i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har særleg arbeidd med fransk litteratur og har vore engasjert i fransk-norsk kultursamarbeid. Buvik har også vore redaktør for tidsskriftet Norsklæraren og redaksjonssekretær i tidsskriftet Edda.
Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfatterlag.
Kjøp billett