fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Utstillinga  Verdas  rikaste  land

Utstillinga Verdas rikaste land

Arrangør: Garborgsenteret
Pris: Gratis
Arrangementet på Facebook
PÅMELDING/BILLETT

Innleiing ved Sven Egil Omdal. I januar 2021 opnar utstillinga Verdas rikaste land på Garborgsenteret. Intervju med barn og unge har dokumentert korleis det er å veksa opp i låginntektsfamiliar på Jæren. Utstillinga er produsert av Barnemuseet i Stavanger og stod der i halvtanna år. No kjem ho til Bryne, og saman med elevar frå Bryne vgs har Garborgsenteret gitt innhaldet eit lokalt preg. Ungdommane har fotodokumentert sin eigen kvardag og dei har intervjua folk om barn og barnefattigdom på Jæren i dag.

Hovudmålgruppa for utstillinga er barn og unge, men dette er ei utstilling som er høgst relevant for alle. Under Garborgdagar blir Verdas rikaste land presentert for eit vakse publikum.

Arne og Hulda Garborg kjempa sjølv kampen mot sosial urettferd og fattigdom, som i samtida ofte vart rettferdiggjort av både borgarskap og teologar.

Journalist og forfattar Sven Egil Omdal snakkar om fattigdom i Stavanger, med vekt på barna. Etterpå blir det høve til å gå inn i utstillinga.

Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfatterlag.

Kjøp billett