fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Utstillingsopning: Gunnar Torvund | Song i stein. Bøn i bronse. Poesi i pleksiglas.

Utstillingsopning: Gunnar Torvund | Song i stein. Bøn i bronse. Poesi i pleksiglas.

Arrangør: Garborgdagar / Bryne kunstforening
Pris: Gratis
Billett / påmelding: brynekunstforening@gmail.com

Song i stein. Bøn i bronse. Poesi i pleksiglas.
Opning av kunstutstilling med Gunnar Torvunds poetiske skulpturar og Helge Torvunds skulpturelle poesi.
Bryne kunstforening har sett saman ei utstilling med skulpturar av Gunnar Torvund som skaper assosiasjonar til litteratur og poesien. Torvund såg på sine arbeid som sine "teikn", sitt eige språk som han inviterte publikum til å lesa på sin måte. Han var oppteken av skjønnlitterære uttrykk og hadde kontakt med mange forfattarar. Han har også portrettert ei rekkje kjende forfattarar og gjort det i mange materialer. Gunnar Torvund og Helge Torvund var brødre og nære kunstnarleg allierte, dei har samarbeid over sjangergrenser og integrert tekst og biletkunst i konkrete prosjekt. Skulpturane fortel og poesien former – og det skjer i Bryne mølle.

Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfatterlag.