fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
What  would  Enok  do?  |  Kristine  Hovda

What would Enok do? | Kristine Hovda

Stad: Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek
Pris: 200 kr
Arrangør: Garborgdagar
KJØP BILLETT

What would Enok do? Bokprat og konsert med Kristine Hovda

Kva rolle spelar kristen oppseding på Jæren i dag? Korleis lar ein seg definera av det ein har fått med seg frå oppveksten i vaksen alder? Forfattar og musikar Kristine Hovda si debutbok Jeg lever ikke lenger selv er ei viktig tidsskildring av oppvekst i eit kristent miljø på Jæren på 90- og 2000-talet, mellom anna om den karismatiske Jesus Revolution-rørsla. Slik skriv ho seg inn i tradisjonen etter Arne Garborgs Fred. Møt henne i samtale med Inger Undheim frå Garborgsenteret om fanatisk-karismatisk tru før og nå.

Hovda er oppvaksen på Ogna, men bur i Oslo og jobbar som forfattar, musikar og journalist, og har mellom anna skrive for Dagbladet Magasinet, D2, VG helg, Klassekampen og A-magasinet.

Etter samtalen speler ho konsert med låtar frå debutalbumet Y BELIEVE. Det er laga i tilknytting til Jeg lever ikke lenger selv, og består av elleve nedstrippa låtar som gjev assosiasjonar til Stina Nordenstam, Sufjan Stevens, Joan Baez, og Judee Sill.

Foto: Elvira Nikolaisen

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.

Kjøp billett