fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Hurra for Bondestudentar // Sigbjørn Reime, Gunnhild Øyehaug og Inger Undheim

Hurra for Bondestudentar // Sigbjørn Reime, Gunnhild Øyehaug og Inger Undheim

Arne Garborg sin gjennombrotsroman Bondestudentar er 140 år i 2023. Årets Garborgdagar startar med eit foredrag av Garborg-formidlar Sigbjørn Reime med tittelen «Bondestudentar – eit meisterverk rundar 140 år».

Etter Reimes foredrag snakkar forfattar Gunnhild Øyehaug og Inger Undheim frå Garborgsenteret om livet som litteraturstudent på 2000-talet, om å lesa Bondestudentar, om Øyehaugs forfattarskap og skriveinspirasjon, og om å arbeida med forfattarspirer på Skrivekunstakademiet i Bergen.

Ordførar i Time, Andreas Vollsund, står for den offisielle opninga av festivalen. Musikalsk innslag ved sopranen Ragnhild Thu Austnaberg.

Tid: Måndag 23. januar kl. 19.00
Stad: Nasjonalt Garborgsenter
Pris: kr 200
Arrangør: Garborgdagar
Informasjon om arrangementet på Facebook

Kjøp billett