fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »

Samtale om drama og rasjonelt fjøsstell // Olaug Nilssen og Kristin Auestad Danielsen

Forfattarane og dramatikarane Olaug Nilssen og Kristin Auestad Danielsen samtalar om forfattargjerninga og å skriva for scenen, og om arven etter Hulda Garborg. Både Nilssen, Danielsen og Garborg har skrive fram råe, rørande og morosame portrett av jenter i litteraturen. Olaug Nilssen fortel også om prosessen med å modernisera Hulda Garborgs store publikumssuksess Rasjonelt fjøsstell Read More

Heimfødingar // Opplesingar ved Kristin Hoffmann og Einar O. Risa

Heimfødingar er eit konsept der me blir kjende med nokre av dei lokale forfattarstemmane. Kanskje får me augo opp for den litteraturen som blir skriven i Rogaland i dag? I 2023 får me iallfall opplesingar ved Kristin Hoffmann og Einar O. Risa. Kristin Hoffmann (f. 1970) er ein norsk journalist og forfattar, oppvaksen og busett Read More

Jærbuen – fanatisk moderat eller respektlaus radikalar?

«Jærbuen er moderat, og det med fanatisme.» Slik innleier Arne Garborg kapittelet om «Jædersk politik» i artikkelserien «Fra det mørke fastland» frå 1893. Men les me vidare, viser det seg at jærbuen langt frå er moderat. Rett nok er han oppteken av at politikarane skal verna om barnetrua, men elles er han «meir radikal enn Read More

Trette menn-marsjen 2023 // Vandring i Garborgs rike

Namnet speler på Arne Garborg sin roman Trette menn frå 1891. Boka tek føre seg vandring på mange plan, i bygater og vandring i tankar og kjensler. Trette menn-marsjen speler på tittelen i konkret forstand: me går oss gjerne trøytte. På bussturen til Snorestad står Garborgsenteret for litterært påfyll. Marsjen startar der Arne Garborg var Read More

Jærkrim/Kjære Gud // Bokprat og filmvising med Ivar Aase

Ivar Aase (f. 1991) er ein filmregissør og forfattar frå Orre. I 2016 debuterte han med krimromanen Jernspøkelset og lanserte samstundes omgrepet «jærkrim» i lag med forretningspartnar Jan Inge Wiig. I 2022 kom oppfølgaren Steinansiktet. Dette året vann han også Gullstolen for beste musikkvideo, «KJÆRE GUD», ein 11 minutt lang musikal med tre songar av Read More

Hjartet i skalkeskjulet // Gunnhild Øyehaug les eigne essay

Gunnhild Øyehaug er oppvaksen i Ørsta, bur i Bergen og arbeider som forfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret, og har sidan skrive fleire novellesamlingar, romanar og essaysamlingar. Øyehaug har fått Sultprisen og Doblougprisen for forfattarskapen sin. Ho er omsett til fleire språk, og haustar stor Read More

Snakk om andre verdskrig // Peter F. Strassegger, Asgeir Lode og Ine Fintland

Andre verdskrig er eit bakteppe me forstår samtida vår gjennom. Men korleis tenkte folk i mellomkrigstida då mange tok val som skulle få konsekvensar resten av livet, då ingen heilt visste kva veg det ville gå? Kva for eit narrativ har fått dominera i etterkrigstidas Noreg, kva er blitt oversett eller gløymt? Utgangspunktet for samtalen Read More

Min Garborg // Garborgforedraget ved Edvard Hoem

Under Garborgdagar vert forfattarar og markante personar invitert til å halda foredrag om deira forhold til Garborg. I 2023 held forfattar Edvard Hoem foredraget. Edvard Hoem debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. Han er fire gonger nominert til Nordisk råds litteraturpris, han har fått statsstipend og Read More

You are no good alone // Opning av kunstutstilling med Natasja Askelund

PROGRAM:  – Opning av "You are no good alone" med Natasja Askelund. – Samtale mellom Natasja Askelund og Frank Rossavik. Bjørn Arild Ersland er samtaleleiar.  – Minikonsert med John Derek Bishop (live-sampling) og Inge Weatherhead Breistein (saksofon). Natasja Askelund er inspirert av Hulda og Arne Garborg, av deira samfunnskritiske engasjement, deira gjensidige respekt og vilje Read More