fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »

Om Garborgdagar

25. januar 1851 blei Arne Garborg fødd på Garborg. For å feira den store diktaren blir Garborgdagar arrangert på Bryne den veka han fyller år. Dagane blei første gongen arrangert i 2011 og Garborgdagar 2020 blir dei niande i rekka.

Garborgdagar er ei innhaldsrik veke med mange ulike arrangement for store og små. Felles er det at alle berører eit eller fleire emne som har med Arne Garborg og hans interesseområde å gjera. Det kan vera språk, politikk, filosofi, litteratur eller andre kunstuttrykk.

Arrangørar er Time kommune, Nasjonalt Garborgsenter, Foreininga Snakk, Bryne kunstforening, Time mållag og Jæren senioruniversitet.