fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »

Om Garborgdagar

Garborgdagar er ein årleg litteraturfestival i Time kommune på Jæren, Arne Garborg sin fødekommune. Festivalen vert arrangert i dagane kring Arne Garborg sin fødselsdag, 25. januar. 

Den første Garborgdagar-festivalen vart arrangert i 2011. Etter det nasjonale 150-årsjubileet for Arne Garborg i 2001, vart det med ujamne mellomrom arrangert Garborg-kveldar o.l. Gradvis vaks dette til arrangementsrekkja/festivalen Garborgdagar, som ein valde å leggja til dagane kring Arne Garborg sin fødselsdag i januar. Festivalen har vakse, steg for steg, og vert i dag finansiert med kommunale, fylkeskommunale og statlege midlar, samt bidrag frå lokalt næringsliv og organisasjonsliv.

Siktemålet er å føra den litterære og samfunnspolitiske arven etter Arne og Hulda Garborg vidare. Dette vert gjort ved foredrag, opplesingar, bokprat, debattar, konsertar osb. Nokre programpostar omhandlar Garborgane sine livsverk direkte, andre presenterer nolevande forfattarar, kunstnarar og andre som kan seiast å aktualisera tema som Garborgane var opptatt av.

Garborgdagar er eit samarbeid mellom Time kommune ved kultursjefen, Time bibliotek, Nasjonalt Garborgsenter, Time Mållag, Jæren Senioruniversitet, lokale ressurspersonar og lokalt næringsliv.