fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Trette Menn-marsjen

Trette Menn-marsjen

Start: sundag 30. januar kl. 09.00 (tidleg avmarsj for å utnytta den korte dagen i januar)
Varigheit: 5 timar 09.00-14.00
Stad: Oppmøte utanfor skrivestova til Arne Garborg i Knudaheio, Undheim 
Lengd: ca. 13 km. (Framme på Bryne torg ca. klokka 14.00)
Påmeldingskontigent: 100 kroner (VIPPS: 96373)
Arrangør: Jarle Skjæveland og Snakk! i samarbeid med Garborgdagar
Påmelding: E-post til lilliansutne@gmail.com 
Påmeldingsfrist: 29. januar

Under Garborgdagar 2022 er det igjen mogleg å melda seg på Trette menn-marsjen. Marsjen er jærsk natur og vêr på sitt beste og passar for både store og små.

Marsjen fylgjer den same legendariske traséen som i fjor. Oppstart er ved Arne Garborg si skrivestova i Knudaheio og endestaden er på Bryne torg.

Tittelen «Trette menn» er henta frå Arne Garborg sin roman Trætte Mænd frå 1891. Romanen handlar om både rørsle og stagnasjon, og hovudkarakteren Gabriel Gram er ein trøytt type som er mykje ute og går med fastlåste tankar. Trette menn-marsjen speler på tittelen til denne boka i heilt konkret forstand. Marsjen handlar om å gå seg trøytt.

Marsjen er lagt til eit variert terreng. Deltakarane får moglegheit til å oppleva den jærske vinteren på sitt mest autentiske. Om det blir Jæren på sitt beste eller verste gjenstår å sjå. Dei jærske vêrforholda er uansett årstid ei oppleving i seg sjølv. Landskapet er bart og alt vêr blir ekstra tydeleg i dette himmelstrøket. I fjor hadde me strålande sol og kunne sjå langt til havs, men marsjen kan like gjerne bli ei vindfrisk oppleving med ruskete element. Trette menn-deltakarar kan derfor førebu seg på ei vêroppleving like mykje som på ei naturoppleving.  

Turen går via Fotland mølle ved Fotlandsfossen, den største fossen på Jæren. Her blir det ein kort stopp der ein kan ete nistepakke og få med seg eit kulturelt innslag. På Fotland har det blitt drive med maling av korn sidan 1200-tallet. Mølla blei bygd i 1845 som industrimølle, og dei restaurerte bygga er i dag museum og utstillingslokale for kunst.

Arrangør av Trette menn-marsjen er Jarle Skjæveland i samarbeid med Garborgdagar og Snakk! Skjæveland er ein litteraturglad ingeniør frå Figgjo. Han er busett i Oslo som elskar å gå. Han har sidan sommaren 2019 arrangert Trette menn-marsjar både på aust- og vestlandet, den siste marsjen han arrangerte var i Finnskogen hausten 2021.

Praktisk info: Det kan vere lurt å ta med sitteunderlag og niste. Elles anbefalast gode sko, til dømes fjellsko.
Vêratterhald: Om skitvêr gjer traseen uframkommeleg, vert marsjen avlyst og kontingenten refundert.