Tidlegare arrangement Hendingar

Teater: “Vennskapskunst” med Nina Ellen Ødegård og Torbjørn Berglund Eriksen

Rogaland teater

«...det gjør godt at faa se og forstaa et andet menneske.» Arne Garborg og målaren Kitty Kielland var nære venner. Deler av breva dei sende til kvarandre er samla i boka Brevveksling 1885-1906. Gjennom denne framsyninga ønskjer me ganske enkelt å utforska kunsten å vera venn, med utgangspunkt i brevsamlinga. «Hva betyr det å være…

Utstillingsopning: “Livet stormer og strøymer” av Ingrid Toogood

I separatutstillinga ”Livet stormer og strøymer”, presenterer Ingrid Toogood ei serie nye verk som tek heile gallerirommet i bruk. Seks monumentale måleri er plasserte på golvet, og inviterer betraktaren til å bevega seg rundt og mellom dei, i ei omgivande oppleving av kunstverka. Stad: Bryne kunstforening, Reevegen 1, 4340 Bryne. Toogood utforskar i desse verka…

Foredrag: “Min Garborg” med Kjartan Fløgstad

Garborgsenteret/Time bibliotek

Under Garborgdagar vert forfattarar og markante personar invitert til å halda foredrag om deira forhold til Garborg. I 2024 held Kjartan Fløgstad foredraget. Fløgstad kjem frå Sauda i Ryfylke og har vore ein av landets viktigaste forfattarar nesten heilt sidan debuten i 1968. Han har vunne mange prisar, mellom anna fekk han Nordisk råds litteraturpris…