fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Bokmesse med Bokstav-Mari

Bokmesse med Bokstav-Mari

380 små forfattarar i alderen 6-7 år har skrive kvar si bok om eitt eller fleire av dei 105 vesen som er skildra i "Haugtussa". Elevane stiller ut og presenterer bøkene sine. Dei kjem frå fire skular i Time kommune og har arbeidd i lag med BokstavMari og Garborgsenteret.

Dette er 380 unike bøker, med elevane sine eigne historier, ofte med teikningar og bilete, som kan lånast ut på vanleg måte med strekkode og alt.

Ordførar Andreas Vollsund opnar bokmessa 22. januar. Då blir det vist film frå heile prosessen til bokmessa, frå hulderbesøk og eventyrforteljing til skriveprosessen og bokproduksjonen.

Bokstav-Mari heiter eigentleg Mari Lura Elvedahl og arbeider for meiningsfull skriving og lesing i skulen.

Arrangør: BokstavMari med Garborgsenteret og Time bibliotek med støtte frå Rogaland fylkeskommune.

Gratis inngang.