fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Garborg og fantane | Foredrag ved Sigbjørn Reime

Garborg og fantane | Foredrag ved Sigbjørn Reime

Foredrag av Sigbjørn Reime i høve at romanen Fred fyller 130 år.

Arne Garborg har skrive både om og for fantefolket, dokumentarisk og skjønnlitterært. Det er alltid ein positiv undertone i desse tekstane, som kan vera både smilande, snedige og såre. Mykje av stoffet om fantane var sjølvopplevd, og fanteguten frå nabobygda er ein gjennomgangsfigur, litterært så vel som i det verkelege livet til diktaren.

Sigbjørn Reime er ein populær foredragshaldar og vil fortelja kor, korleis og kvifor fantane fanst i livet til diktarmannen frå Garborg. Han er tidlegare kulturformidlar i Time kommune og har språkmodernisert Arne Garborg sine jærbøker.

Programleiar er Inger Undheim.

Arrangør: Garborgdagar

Foto: Garborgsenteret

Kjøp billett