Garborgdagar 2024 startar med Griegs Haugtussa! Opning ved Brynjulf Jung Tjønn, leiar av Den norske forfatterforening.
Ola B. Johannessen er for mange ein institusjon innan skodespelarkunst. Han har vore teatersjef og sceneinstruktør ved fleire av dei.
Om Haugtussa
Med eit så tidlaust, gripande og vakkert verk som Haugtussa, er det av og til lett å høyra det som berre musikk, der teksten er kulisse for Grieg sine klangar. Denne konsertframføringa gjev ei unik moglegheit til å oppleve musikken med Garborg sin storslagne tekst som sjølve utgangspunktet – den som i si tid bergtok Grieg fullstendig. Om "Tussa" sa han: «Det er en helt genial bok hvor musikken egentlig allerede er komponert. Man behøver bare å skrive den ned.»
Og det gjorde han; melodiane berre trilla ut på notepapiret. Syklusen inneheld nokre av Grieg sine vakraste og mest kjente songar. Men det var ikkje alle delane av verket Grieg var like interessert i. Det er ei viss slagside mot naturmystikk og kjærleiksmotivet i utvalet hans, medan mange av dei andre temaa i Garborg sin tekst hamnar meir i bakgrunnen. Dette rår Ola B. Johannessen bot på med si bearbeiding, der me blir ført mellom Garborg og Grieg sine versjonar av historia om den synske Veslemøy.
Kjøp billett