fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
«Heimante» med Frank Tønnesen og Tone Myklebust

«Heimante» med Frank Tønnesen og Tone Myklebust

Kvart år inviterer Garborgdagar forfattarar frå Rogaland til å lesa eigne tekstar for eit lyttande festivalpublikum på Mellombels øl og vinstove.  

Frank Tønnesen er frå Sokndal, og mest kjend som artisten Tønes. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2018 med romanen “Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem”. På Mellombels les Frank  eit utval av tekstar frå spalta “Kunngjeringar”, som han har gleda Dag og Tid-lesarar med sidan våren 2023.  

Tone Myklebust bur i Egersund og debuterte som forfattar for vaksne i 2020 med novellesamlinga “Det stoppar ikkje her.” “Rutine ved varsling” (2023) er hennar andre bok. Novellene hennar skildrar det skakke og skjøre i menneskelivet. Humoren ligg ofte på lur og kan pipla fram over alt.

"Heimante" er arrangert av Garborgdagar og Rogaland forfattarlag.

Foto av Frank Tønnesen: Vidar Landa
Foto av Tone Myklebust: Markus Schröder Bjørnseth

Programleiar er Ørjan Zazzera Johansen.

Kjøp billett