fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Jærbuen – fanatisk moderat eller respektlaus radikalar?

Jærbuen – fanatisk moderat eller respektlaus radikalar?

«Jærbuen er moderat, og det med fanatisme.» Slik innleier Arne Garborg kapittelet om «Jædersk politik» i artikkelserien «Fra det mørke fastland» frå 1893. Men les me vidare, viser det seg at jærbuen langt frå er moderat. Rett nok er han oppteken av at politikarane skal verna om barnetrua, men elles er han «meir radikal enn dei radikale», meiner Garborg.

Trefte Garborg blink i det politiske portrettet av jærbuen, eller var det ein ugjenkjenneleg karikatur?

Innleiing ved Tom Hetland, politisk kommentator og historikar, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

Samtalen vert leia av Jan Zahl, kulturjournalist i Stavanger Aftenblad, med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, redaktør i Bondevennen, Torgeir Høien, dagleg leiar i Logometrica, tidlegare forvaltar i Skagenfondene og tidlegare politikar i Time, og Tom Hetland i panelet.

Tid: Torsdag 26. januar kl. 19.00
Stad: Garborgsenteret
Pris: kr 200
Arrangør: Garborgdagar
Arrangementet på Facebook

Kjøp billett