fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Kjell Olav Stangeland: Då gymnaset kom til Bryne

Kjell Olav Stangeland: Då gymnaset kom til Bryne

Foredrag ved Kjell Olav Stangeland 

 

2024 er det 100 år sidan den første klassen starta på Rogaland Landsgymnas på Bryne, det som seinare vart Rogaland off. landsgymnas, Bryne gymnas og Bryne vidaregåande skule. Dette var utslagsgjevande for at Bryne vart eit skulesenter og i dag har ein av landets største vidaregåande skular.

Det var målrørsla som var pådrivar for å få etablert landsgymnas både på Bryne og andre stader utanfor dei større byane. Men kvifor valde Rogaland Mållag akkurat Bryne når dei skulle starta eit landsgymnas i Rogaland? Kva betydning for Bryne fekk denne avgjerda?

Kjell Olav Stangeland (f.1948) er frå Bryne. Han var lærar i ungdomsskulen og deretter i 26 år tilsett i Jærbladet som journalist og i 2008-2013 ansvarleg redaktør. Stangeland har også vore dagleg leiar i Bryne FK og sit i Time kommunestyre. I 2021 gav han ut boka: «Frå utmark til by – historia om Bryne».

Arrangør: Jæren SeniorUniversitet

100/medl. av Senioruniversitetet gratis. NB! Billettsal i døra.