fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Kunstutstilling: G sanning tvil

Kunstutstilling: G sanning tvil

1100 rå og kalde kvadratmeter midt i Brynebyen. Tre biletkunstnarar som ikkje er skuggeredde. Det er duka for ei kunstutstilling utanom det vanlege i Jæren Meieri.  Elise Storsveen, Trond Hugo Haugen og Kine Lillestrøm har laga samtidskunst spesielt for desse lokala slik dei framstår som ei blanding av ruin og byggeplass. Det kan vera kaldt inne, så hugs gode klede. 

Hundre år etter Garborgs død møter ein livfulle kunstverk, inspirert av hans kunstsyn, vidsyn og framsyn. Tekstane hans traff som ein boksehanske i samtida, dei tre biletkunstnarane slår frå seg med andre verkemiddel i Jæren Meieri.

Kurator for utstillinga er Jens Erland. 

Under opningsarrangementet blir det framført dikt av Helge Torvund og dansekompaniet MOCO opptrer. Me får òg møte kunstnarar og kurator i kortform.

Arrangør: Bryne kunstforening i samarbeid med Garborgdagar og Time kommune. Utstillinga er støtta av Fritt ord og Sparebankstiftinga Jæren –Time og Hå.

Foto: Tore Wiig.

Gratis inngang.

Etter opninga vert det mingling og drøs på Hvelvet scene i Kulturbanken. Dørene og baren opnar frå kl. 19.00. Dei som ønsker kan utvida til ein heilaften og gå på konsert med The Young Suffering Ensembla på Hvelvet scene klokka 21.00. Konsertbillett kjøpast her. Etter konserten fortset avslutningsfesten for Garborgdagar 2024 på Hvelvet.

Les meir om kunstnarane og utstillingsprosjektet her  

Om kunstnarane

Elise Storsveen

Trond Hugo Haugen

Kine Lillestrøm