fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Med Garborg til Jærs: Garborg-kabaret ved Kjell Arild Pollestad og Torgeir Bygstad

Med Garborg til Jærs: Garborg-kabaret ved Kjell Arild Pollestad og Torgeir Bygstad

Presentasjon av boka «Med Garborg til jærs». 

I 2024 er det 100 år sidan Arne Garborg døydde. I det høvet gjev forfattarane Kjell Arild Pollestad og Torgeir Bygstad ut ei samling Garborgtekstar om Jæren og jærbuen. Tekstane fører oss inn i det særmerkte ved jærsk liv og lynne, historie og folkeliv. Kabareten vil vera ein presentasjon av boka. Pollestad og Bygstad vil i kåseri og opplesing syna noko av spennvidda i Garborgs dikting, frå realisme og alvor til treffsikkert vidd og bitande satire. Gjennom skildringar av Theodor Dahl får me vita kva slags jærsk Garborg snakka, korleis det gjekk då han skulle halda føredrag på Bryne, eller då ei kona på Undheim ville «omvenda» han. 

Om forfattarane

Kjell Arild Pollestad, fødd 1949 i Nærbø (no Hå), gjekk på gymnaset på Bryne, og studerte deretter språk og teologi, i Oslo, Toulouse og Roma. Han er forfattar og omsetjar, og verka i mange år som katolsk prest, mellom anna som sokneprest i Tønsberg. No er han pensjonist og bur på Bryne. Han har skrive over 20 bøker, og i tillegg omsett verk frå latin, fransk, italiensk, russisk, islandsk, gamalgresk og nygresk, og no også frå hebraisk. Med Bibelen og Homers Iliaden og Odysseen har han gjeve nye omsetjingar av sjølve «grunntekstane» til den europeiske kulturen, og med Snorres Kongesagaer også den nordiske. 

Torgeir Bygstad arbeider som omsetjar og skribent. Han har blant anna gjendikta dei latinske poetane Catullus og Juvenal til nynorsk, og omsett og kommentert tekstar av den franske filosofen Simone Weil. I vinter kom omsetjinga hans til bokmål av den italienske klassikaren «Mine fengsler» av Silvio Pellico. Bygstad har interessert seg for Garborg i ei årrekkje, og har tidlegare undervist i norsk i vidaregående skule. 

Boksal og signering etter arrangementet.

Arrangør: Garborgdagar i samarbeid med Jæren forlag.

Kjøp billett