Litterær samtale med Nadia Ansar om å bryte med kulturelle og religiøse forventingar.
Nadia Ansar er psykolog, spesialist i emosjonsfokusert terapi og spesialist i klinisk familiepsykologi. Alle har ei emosjonell historie og Ansar kastar lys på viktigheita av å ta den på alvor. I "Min skam" nyttar ho si personlege og faglege stemme til å fortelja om den flinke minoritetsjentas kamp for å få lov til å vera seg sjølv.
Historia om å vekse opp i kryssilden mellom det likestilte, norske samfunnet og den patriarkalske kulturens forventingar skapar viktig innsikt for nordmenn med andre kulturelle bakgrunnar.
«Min skam – En historie om forventninger og løsrivelse» har fått gode skussmål av bokmeldarane, og er ei av Time biblioteks mest lånte bøker i 2023. Boka er nominert til «Bokhandlerprisen» 2023.
Ansar blir bokbada av bibliotekar Kristine Helgesen.
Foto: Lars Petter Pettersen.
Kjøp billett