fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Snakk om andre verdskrig // Peter F. Strassegger, Asgeir Lode og Ine Fintland

Snakk om andre verdskrig // Peter F. Strassegger, Asgeir Lode og Ine Fintland

Andre verdskrig er eit bakteppe me forstår samtida vår gjennom. Men korleis tenkte folk i mellomkrigstida då mange tok val som skulle få konsekvensar resten av livet, då ingen heilt visste kva veg det ville gå? Kva for eit narrativ har fått dominera i etterkrigstidas Noreg, kva er blitt oversett eller gløymt?

Utgangspunktet for samtalen er litteraturen om motstandsfolk, frontkjemparar og jødiske offer frå Jæren. Korleis kan me i dag, 80 år etter krigen, forstå kva som skjedde, og trekka lærdom ut av dei historiske hendingane som trakk unge og gamle jærbuar inn i ei vond skjebnetid?

Forfattarane Asgeir Lode og Peter Strassegger er opptekne av gråsonene i krigshistoria. Begge har skrive bøker med utgangspunkt i det som skjedde på Jæren, slektningar som tok aktive val under den tyske okkupasjonen. Lode sin far var motstandsmann og hamna i tysk fangenskap, og Strassegger sin morfar melde seg som frontkjempar for Hitler. Romanen til Strassegger, Om stein og jord, vart nyleg nominert til P2-lyttarane sin romanpris 2022. Forskar og arkivar Ine Fintland har kasta lys over ein jødisk familie frå Bryne, der dei fleste blei utrydda i Auschwitz.

Kveldens ordstyrar er Lillian Utne, leiar av Snakk!

Tid: Tysdag 24. januar kl. 19.30
Stad: Mellombels
Pris: 160
Arrangør: Snakk!
Arrangementet på Facebook

Kjøp billett