Snakk om turisme på Jæren
tysdag 23. januar19:30Mellombels
Innleiande ord ved Åsa Helen Grahn etterfulgt av panelsamtale med Frode Hagerup, Åsa Helen Grahn, Bothild Åslaugsdotter Nordsletten og Ørjan Zazzera Johansen.
Billettpris: 150 kroner
"Det er den største lykke ein i desse tider kan nå: å finna ein bustad som er trygg for farafanten. Eller for turistflua, om du så vil". Dette skriv Arne Garborg i Knudaheibrev. Er me einige, eller ønsker me oss fleire turistar på Jæren? Kva slags turisme er det me ønsker oss?
Frode Hagerup leiar Opplev Jæren, ei foreining som jobbar for å fremma reiselivet.
Fyrsteamanuensis Åsa Helen Grahn har reiseliv som fagfelt ved UiS.
Bothild Åslaugsdotter Nordsletten er redaktør i Bondevennen, jordvernar og samfunnsdebattant.
Forfattar Ørjan Zazzera Johansen er formidlar på Garborgsenteret.
Samtalen blir leia av Kristine M. Stensland, kulturjournalist i Stavanger Aftenblad.
Arrangementet er del av Garborgdagar 2024 og eit samarbeid med Garborgsenteret og Time kommune. på Mellombels ølstove på Bryne
Arrangementsfoto: Kristine M. Stensland
Kjøp billett