fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
The Young Suffering Ensembla

The Young Suffering Ensembla

Velkommen til ei unik musikkoppleving! The Young Suffering Ensembla er eit heil-akustisk band, som leikar med alt frå Bob Dylan til Beyonce.

Ensemblet består av Tobias Santelmann, Marie Blokhus, Hermann Sabado og Gaute Tønder. Dei balanserer på ein knivsegg frå det humørfylte til det sårbare, med kjærleiken i fokus. Nye og gamle, kjende og kjære låtar blir omsett til nynorsk, og blir kledd opp i ei ny musikalsk drakt. Felles for alle låtane til The Young Suffering Ensembla er at dei handlar om den o-store kjærleiken, eller mangel på han. 

«Vi syng, vi lir, vi trur, vi gret, vi elskar og vi gir oss faen ikkje.»

Praktisk informasjon

Hvelvet scene i Kulturbanken held til i andre etasje i Bryne kino-bygget. Inngang via Bryne kino eller Meierigata. Følg skilt og pilene inn i Kulturbanken. 

Dørene og baren opnar 19.00 og er opne for alle med billett til konserten, og dei som har vore på opning av kunstutstillinga “G – sanning tvil” i gamle Jæren Meieri.

Konserten startar 21.00 og er berre open for dei med konsertbillett. Etterpå (kl. 22.00) startar avslutningsfesten for Garborgdagar i Kulturbanken, som er open for alle.

Foto: Fenomen

 

 

Kjøp billett