fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Tore Kvæven: På leiting etter andre tider og stadar

Tore Kvæven: På leiting etter andre tider og stadar

Forfattar Tore Kvæven i samtale med Stian Ravndal.

Brageprisvinnar Tore Kvæven hausta svært gode kritikkar for dei historiske romanane “Hard er mitt lands lov” og “Når landet mørknar”. Kvæven har med sitt eige gjenkjennelege språk ei unik evne til å formidla storslagne forteljingar, og han har greidd å fanga lesarar med sine djupt kjenslelada skildringar av natur, dyr og menneske.

Med si siste bok “Raudt støv” ser han ikkje lenger bak i tid, men framover, til ein storkrig på jorda i 2060. I samtale med Stian Ravndal frå Garborgsenteret, vil Kvæven fortelja om forfattarskapen og om boka der han har leita fram ei heilt anna verd enn det han har gjort før.

Kjøp billett