fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
You are no good alone // Opning av kunstutstilling med Natasja Askelund

You are no good alone // Opning av kunstutstilling med Natasja Askelund

PROGRAM: 
– Opning av "You are no good alone" med Natasja Askelund.
– Samtale mellom Natasja Askelund og Frank Rossavik. Bjørn Arild Ersland er samtaleleiar. 
– Minikonsert med John Derek Bishop (live-sampling) og Inge Weatherhead Breistein (saksofon).

Natasja Askelund er inspirert av Hulda og Arne Garborg, av deira samfunnskritiske engasjement, deira gjensidige respekt og vilje til å forfølga sine idear og vera trugne mot sine ideal. Kunstnaren har til utstillinga arbeidd i stort format med store spørsmål. Ho har fokus på det vakre i verda, på tradisjonar og det som held oss saman trass i all usemje og splid. På alt som spirer og gror, sjølv om bakteppet kan vera bekmørkt.

I tillegg til å vera ein anerkjent biletkunstnar er Askelund også ein ivrig og samfunnsengasjert debattant. Ho har eit stort engasjement når det gjeld ytringsfridom og kunstnarane si rolle og stilling. Ho meiner det er for mange instansar og aktørar kunstnarane må ”pleasa” for å oppretthalda verksemda si. Askelund samtalar med Frank Rossavik, forfattar, journalist og politisk
kommentator.

Etter kunstutstillingsopning og kunstnarsamtale vert det minikonsert med jazzmusikarane John Derek Bishop (live-sampling) og Inge Weatherhead Breistein (saksofon).

Duoen tek lyttaren med på ei emosjonell reise  i ei stemning av meditativ ro. Uttrykket deira vekslar mellom å vera organisk og akustisk, til å vera digitalt, røft og industrielt. Duoen har fleire plateinnspelingar bak seg. Bishop var i 2020 årets stavangerkunstnar og har vore nominert til Spelemannsprisen. Konserten er støtta av Kulturrådet.

Tid: Fredag 27. januar kl. 18.00
Stad: Bryne Mølle
Pris: Gratis
Arrangør: Bryne kunstforening i samarbeid med Garborgdagar
Arrangementet på Facebook

Foto: Jarle Aasland