Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Teater: “Vennskapskunst” med Nina Ellen Ødegård og Torbjørn Berglund Eriksen

1. februar @ 18:00 - 19:00

«…det gjør godt at faa se og forstaa et andet menneske.»

Arne Garborg og målaren Kitty Kielland var nære venner. Deler av breva dei sende til kvarandre er samla i boka Brevveksling 1885-1906. Gjennom denne framsyninga ønskjer me ganske enkelt å utforska kunsten å vera venn, med utgangspunkt i brevsamlinga.

«Hva betyr det å være en venn? […] Hvor godt kjenner nære venner hverandre? Hva forstår en god venn intuitivt uten at det behøver å sies?»

Spørsmåla vert stilte i Ine W. Fintland sin innleiande tekst til boka. Som skodespelarar er me vane med å stå på scena i opprivande og lite vennskapelege drama. Ligg det i dramatikkens natur at gode og varige vennskap er sjeldan vare i teateret? Eller kanskje speglar det at slike vennskap er sjeldne?

At dei finst, er breva eit bevis på. Gjennom dialogen mellom Kitty Kielland og Arne Garborg vil me gjerne invitera dykk med i utforskinga av kva vennskapskunst vil seia. Hjarteleg velkommen!

“Vennskapskunst” blir spelt på Rogaland teater i Stavanger.

Billettar frå kr 150. Kjøp her

Foto: Sondre Michaelsen.

Stad

Rogaland teater