Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Foredrag om “Mannfolk”

Lekam, sinn og kjærleik i eit samfunn basert på lygn
I 1886 gav Arne Garborg ut romanen «Mannfolk». Boka vekte sterkt engasjement og gjorde at Garborg mista stillinga si som statsrevisor i Kristiania.
I dette foredraget vert boka brukt som grunnlag for ei slags miljøanalyse av krava til innvandrarar i Kristiania og kvifor sanning vert umogleg og kjærleik vert svik.
Professor emeritus Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: fødd i Ålesund i 1957 og var på åttitalet del av kretsen rundt retorikar Georg Johannesen ved UiB. I 2002 blei han Europas første professor i lesevitskap ved Høgskolen i Stavanger. Etter opprettinga av UiS løfta han det fram til å bli eit betydningsfullt og moderne fag, som også utdanna ein generasjon med norsklektorar til rogalandsskulane. Han har heile tida vore ein viktig samfunnsdebattant og forsvarar av humaniora. Sidan 2024 har han vore professor emeritus. Nicolaysen har skrive mange bøker og tallause artiklar.
Tid og stad:
Onsdag 28.01.26 i storsalen kl. 19.30, Time bibliotek/Garborgsenteret
Arrangør:
Folkeakademiet Time / Garborgdagar
Pris:
Medlemmer/studentar: kr 100
Ikkje-medlemmer: kr 200
Kjøp billett her: