Skip to content
Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Edmund Austigard: “Hvítheimr”

29. januar 2026 @ 13:30 - 14:30
Under Garborgdagar les Edmund Austigard utdrag frå den nye romanen sin i utstillinga på Garborgsenteret.
Forfattar Edmund Austigard er frå Årdal i Ryfylke. Han er kjend for sine skarpe analysar av bygdesamfunn og evna til å blanda realisme med det komisk absurde. Austigard debuterte i 2005 med den sprelske og kritikarroste bygdekrøniken Krinsereglane, og følgde opp med romanar som Taxi for B.A. Beckström (2008) og Solskinsbussen (2011).
Austigard har vore forlagsdirektør i Samlaget sidan 2011. Våren 2025 gjorde han eit etterlengta comeback etter 14 års pause med romanen Hvítrheimr. Boka er ein moderne fabel som kombinerer det episke og det verkelegheitsnære, der mytar og røyndom er vanskelege å skilja. Boka tek opp store tema som klimakrisa, tap av natur, språk og kultur, og kampen mellom naturarv og rå kapital.
Arrangementet er gratis.
Foto: Fartein Rudjord

Detaljar

  • Dato 29. januar 2026
  • Tid:
    13:30 - 14:30

Stad

  • Garborgsenteret/Time bibliotek
Scroll To Top