Skip to content
Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Festkveld: Fødde på Jæren

25. januar @ 18:00 - 20:00
Kr 250

Ein jærsk festkveld i Storstova

Bursdagskvelden for Arne Garborgs 175-årsdag vert ei feiring av diktarens opphav: Jæren.

Programleiar Hilde Zahl spør: Kva er typisk jærsk, for språket og lynnet? Kva jærske uttrykk er dei beste? Kva er dei løgnaste orda? Korleis har jærsk og Jæren endra seg sidan Garborg levde?

I sofapanelet sit tidlegare redaktør Kjell Olav Stangeland, forfattar Kjell Arild Pollestad, leiar på Garborgsenteret, Inger Undheim og Åse Wetås, sandnesgauk og direktør i Språkrådet.

Hilde Zahl sin entusiasme og nysgjerrige stemme kjenner mange frå tida då ho arbeidde i NRK radio, blant anna som programleiar for Språksnakk. I tillegg til drøs om jærsk, får me opplesingar ved Pollestad og Stangeland, og musikalske innslag ved Klepp mannskor og Jarle Obrestad.

Billett

Detaljar

  • Dato 25. januar
  • Tid:
    18:00 - 20:00
  • Billettpris: Kr 250

Stad

Scroll To Top