Foredrag: Hulda Garborg som nasjonsbyggar
29. januar 2025 @ 19:30 - 20:30
Hulda Garborg, fødd Bergersen, var født i Stange i 1862, gift med Arne Garborg i 1887, og døde i 1934. Foredraget handlar om et ekteskap og samliv som stimulerte dei begge, og om Huldas kontinuerlege kulturkamp. Ho var ei sterk og sjølvstendig kvinne som forstod kulturens betydning for nasjonsbygginga. Innsatsen hennar spenner frå forfattarskap, folkeopplysing, språk, dans og bunadar til matstell, fjosstell og teater. Ho kombinerte kulturell kraft med praktisk dugleik i ei formande tid for det norske samfunnet.
Tora Aasland fortel om Hulda Garborg.
Programleiar er Aud Søyland Kristensen frå Folkeakademiet.
Stad: Garborgsenteret.
Arrangør: Folkeakademiet Time/Garborgdagar.
PRis: 200/100 (medl.)/50 (stud.) Betaling i døra eller på Vipps.