Skip to content
Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Garborg baska med liv og tru: kveldsgudsteneste med foredrag og song

1. februar 2026 @ 19:00

Kveldsgudstenestene i Bryne kyrkje er temagudstenester med rom for refleksjon, bøn og varierte musikalske innslag.

Denne gongen slår kyrkjelyden seg saman med Garborgdagar og ønsker alle velkomne til ei stemningsfull oppleving der ord, tonar og tru møtast.

Gudstenesta vert leia av kantor Per Olav Egeland og sokneprest Stein Ødegård. 

 Jorunn Undheim syng. Ho er ein dyktig og allsidig vokalist som har rørt mange med sine tolkingar av Arne Garborgs Haugtussa. Ho gav i 2019 ut albumet Der draumar sviv, som har blitt varmt motteke av garborgvennar og musikkelskarar.

 Stian Ravndal held eit kort foredrag med utgangspunkt i korleis Arne Garborg baska med liv og tru. Han jobbar som lærar på Garborgsenteret.

 

Detaljar

  • Dato 1. februar 2026
  • Tid:
    19:00

Stad

  • Bryne kyrkje
Scroll To Top