Skip to content
Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Gorrlaus: Garborg-kveld i Stavanger

24. januar @ 19:00 - 23:30
Kr 180

Jubileumsskrift-lansering, Haugtussa-konsert med Øyonn Groven Myhren og dans ut i dei små timar.

Program:
Lansering av jubileumsskrift i høve Garborg sitt 175 årsjubileum: «Me skylde han eit minnesmerke – Arne Garborg og den frilynte ungdomsrørsla i Stavanger». Samtale mellom Anders Sundsteigen Hana og Morten Vestbø om utgjevinga som i hovudsak tar for seg perioden 1900 til 1940, ei tid der BUL (Bondeungdomslaget) var ein kulturinstitusjon i Stavanger sentrum og norskdomsrørsla hadde ein sterk posisjon, med mellom anna folkemusikk, litteraturkveldar, folkedans, leikarring, foredrag, teaterframsyningar og hjelpearbeid. Eit stykke lokal kulturhistorie, frå eit miljø der Arne Garborg var sjølve åndshøvdingen.
Haugtussa-konsert med Øyonn Groven Myhren.
Tekst av Arne Garborg til musikk av Øyonn Groven Myhren, som reknast blant dei fremste folkemusikarane i Noreg. 
Medverkande:
Øyonn Groven Myhren – kveding og lyre
Tomas Nilsson – perkusjon
Rasmus Kjorstad – fele, langeleik og munnharpe
Etter konserten blir det ópe dansegolv ut i dei små timar.
(Fuglen arrangerer dansekurs på dagtid.)
Kvelden er eit samarbeid mellom Garborgdagar, Gorrlaus og Tou.
Dørene opnar: 18.30
Start: 19.00

Detaljar

  • Dato 24. januar
  • Tid:
    19:00 - 23:30
  • Billettpris: Kr 180

Stad

Scroll To Top