Kviss på Mellombels
29. januar @ 20:30 - 22:00
Gratis

Det er alltid god stemning når Jæren mållag arrangerer kvisskveldar på Mellombels, og Garborgdagar vert ikkje noko unnatak. Kvissmaster er Jan Inge Buene og programleiar er Magne Viggo Høyland. Innhaldet i kvissane er godt og variert, og ein treng verken vera nynorskekspert eller Garborg-kjennar for å delta. To rundar. Premie til vinnarlaget og eit trekt lag.
Maksimalt fem deltakarar per lag.
Meld på laget til Mellombels, via FB eller e-post: dalal@mellombelsolstove.no
Arrangør: Jæren Mållag.