Kviss på Mellombels
27. januar @ 20:00 - 22:00
Det er alltid god stemning når Jæren mållag arrangerer kvisskveldar på Mellombels, og Garborgdagar vert ikkje noko unnatak. Kvissmaster er Jan Inge Buene og programleiar er Magne Viggo Høyland. Innhaldet i kvissane er godt og variert, og ein treng verken vera nynorskekspert eller Garborg-kjennar for å delta. Premie til vinnarlaget og eit trekt lag.
Maksimalt fem deltakarar per lag.
Meld på laget til Mellombels, via FB eller e-post: dalal@mellombelsolstove.no
Arrangør: Jæren Mållag.