Teater: Rasjonelt fjosstell

Hulda Garborgs store komedieklassikar frå 1896, tilpassa jærske forhold!
Ei erfaren bondekone og ein tafatt husbonde har drive garden etter tradisjon i årevis. Men når dottera kjem heim frå folkeskulen, med nye idear om korleis garden skal driftast blir det baluba for den jærske familien. Velkommen til ein gard på byrjinga av 1900-talet, der tradisjonen står mot den nye, vitskaplege tidsånda.
Kor ofte skal fjøset vaskast? Er gome god drengamat? Og kva i holaste er rasjonelt fjøsstell?
Rasjonelt fjøsstell er ein tidlaus kommentar til det evige spørsmålet: Kva er eigentleg ekte framsteg? Ein skarp og morosam klassikar som framleis treffer. Det gjorde enrom suksess i Kistiania på 1890-talet og blei etter kvart det meste oppsette teaterstykket i Noreg noko sinne.
Skatta Akter er ei teatergruppe for vaksne, som høyrer til i Kulturbanken. Her har dei sett opp fleire komediar dei siste åra til stormande jubel og utselde framsyningar. No tek dei for seg Hulda Garborg sin klassikar, i ny og utvida drakt.

Regissør: Sølve Oftebro.