Folkedans på Garborgsenteret
31. januar 2026 @ 11:00 - 12:00
Gratis

Kurs i folkedans for barn og familiar
Intro/nybegynnarkurs i folkedans vil gje ei enkel innføring i delar av norsk folkedans. Kanskje vil det kjennast meir som å bli leia i dans enn kursing? Det vert i alle fall gildt å dansa i lag! Kurset vert halde av Ingeleiv Berstad som er både samtidsdansar, folkedansar, folkemusikar og koreograf, saman med folkemusikar og felespelar Olav Christer Rossebø.
Kurset vert halde i Time bibliotek i to omgangar. Klokka 11 er for barn og familiar, og kl. 14 er for alle.
Pris: Gratis
Arrangør: Garborgdagar