fbpx
BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Middag med Hulda Garborg!

Middag med Hulda Garborg!

"Naar haren er stelt som ovanfor sagt, høgg ein dyre i smaae stykke og brunar dei godt i feitt, flesk, eller smør"

Visste du at Hulda Garborg reiste verda rundt og samla inspirasjon i matvegen? Ho skreiv boka Heimestell der ho delte oppskrifter inspirert av andre lands kokekunst kombinert med kortreiste råvarer.

No gjenskaper me oppskrifter frå boka hennar i samarbeid med Kjetil Skaret frå DejaVu Kita og Garborgdagar. Kjetil er Brynebu og driv Deja Vu i Stavanger. Før det jobba han på det som var nokre av Noregs beste gourmetrestaurantar, Finnegaardstuene og Jans Mat og Vinhus.

 Det vert minst 5-rettar med nokre små kulturelle innslag. Pris: 1180,- per pers. inkludert eit glas velkomstdrikk. Du melder deg på ved å betala til Vippsnr. 724049. Vin som er tilpassa maten kjøper du eventuelt når du kjem.

Begrensa med plassar!