Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Kniv og Taffel Swingjazzorkester

24. januar 2025 @ 20:00 - 23:00

Det blir stringswing og maksimalt god stemning når Kniv og Taffel Swingjazzorkester inntar Ogna Scene den 24. januar! Jungeltelegrafen melder om ekstatiske konsertar og publikum som strøymer til for å høyra bandets virtuose Django Reinhardt-musikk ispedd ein solid dose humor. Konserten er eit samarbeid med Garborgdagar, og blir ein pangstart på festivalens opningshelg!

Bandet består av:
Mads Berven – gitar, vokal
Karl Wallevik – nylonstrengsgitar, vokal
Kristoffer Vogt – kontrabass, vokal
Kåre Opheim – trommer, vokal
David Vogt – fiolin, vokal
Bilde: Inger Undheim
———————————————————————
Dørene opnar kl. 18.45 med sal av spesialkomponert Garborg-pizza for høvet.
KJEM DU MED TOG?
Kjem du med tog? Me står for Garborg-lesing på toget! Det er ikkje lange spaserturen frå Ogna stasjon til Ogna scene (15 min), men med vår eigen shuttlebuss-teneste hentar me og bringer våre fantastiske publikummarar som skal til Ogna Scene på Ogna togstasjon heilt gratis.
Me legg det opp slikt at dei som kjem med toget frå Stavanger blir plukka opp 18.50 (ca)
Frå Egersund 19.36 (ca)
Og me bringer dykk òg til stasjonen etter endt konsert.
Me ønsker å gjera det enkelt og behagelig for dykk.
NB. Me har berre éin bil… Er det mange som skal køyrast kan det bli frå 5-10 minutt ventetid.

Stad: Ogna scene. Inngang kr 395 (pluss moms). Billet kan kjøpast her

Bilde: Lene Løtvedt.