Bokbad med Ingrid Z. Aanestad
25. januar 2025 @ 13:30 - 14:30
Ingrid Z. Aanestads forfattarskap utmerker seg med ein særeigen og kompromisslaus stil. På få linjer skapar ho detaljrike scener med stor djupn, og herfrå undersøkjer ho måtar å vera i verda på. Då ho skreiv si siste bok, danningsromanen «Ida i Italia» (2024), fann ho inspirasjon i si eiga ungdomstid på Jæren. Aanestad skildrar det som ei intens skriveoppleving å prøva å koma i kontakt med korleis ho opplevde å vera 15 år.
Under Garborgdagar samtaler ho med førsteamanuensis Inga Henriette Undheim om spennet mellom kvardagen på ungdomsskulen og draumen om den store verda, om førebilete og lausriving, kva det kostar å bli den ein vil vera.
Programleiar er Inger Undheim frå Garborgsenteret.
Stad: Garborgsenteret. Inngang kr 200. Kjøp billett her
Foto: Fartein Rudjord