Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Heimante. Opplesingar med Aanestad og Øglænd

25. januar @ 16:00 - 17:00

Heimante er eit konsept under Garborgdagar der lokale forfattarar les frå forfattarskapen sin. I år kjem Ingrid Z. Aanestad og Finn Øglænd.

Finn Øglænd (fødd 1957) frå Tananger er busett i Stavanger. Han debuterte i 1983 med diktsamlinga Det opplyste landskapet. Øglænd har ein rik forfattarskap med bøker i ei rekke sjangrar, og han har motteke ei rekke litterære prisar. Den siste diktsamlinga hans, Leve evig som støvet, kom i 2023.

Ingrid Z. Aanestad (fødd 1983) er frå Klepp, og bur i Oslo. Ho er kjend som ein kresen og kompromisslaus forfattar. Ho debuterte som 22-åring med romanen I dag er ein fin dag, og har etter det gitt ut seks romanar og to essaybøker. Hennar siste roman, Ida i Italia, vart gitt ut i 2024.

 

Programleiar er Ørjan Zazzera Johansen frå Garborgsenteret.

 

Stad: Mellombels ved Bryne torg.

Inngang kr 100. Kjøp billett her

Arrangørar: Garborgdagar og Rogaland forfattarlag.

Foto av Aanestad: Fartein Rudjord.

Detaljar

Dato
25. januar
Tid:
16:00 - 17:00

Stad

Mellombels