“Der draumar sviv” – konsert med Jorunn Undheim med band
25. januar 2025 @ 20:00 - 22:30
Haugtussa i nye tonar
Til opninga av Garborgdagar 2025 er me glade for å presentera Haugtussa i nye tonar – av komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim – med band. Det blir urframføring av nye tonsettingar frå Haugtussa, i tillegg til dei tidlegare tonsette dikta frå albumet «Der draumar sviv». Songane leikar seg i eit akustisk viselandskap, kor gamle, tradisjonsrike folketoneinstrument møter populærmusikk og improvisasjon.
Jorunn Undheim er vaksen opp i Veslemøy sitt rike og i naturen som Garborg skildrar, nemleg på garden kor diktarstova Knudaheio ligg. Gjennom musikken og ikkje minst, Sigbjørn Reime sin språkmoderniserte tekst, får me høyra ei Haugtussa for vår tid. Til Storstova kjem det eit stjernelag av norske musikarar: Tarjei Nysted (nøkkelharpe, fiolin, perkusjon), Kjell Harald Litangen (gitarar), Sondre Meisfjord (kontrabass), Christian Svensson (slagverk), Bjørge Verbaan (tangentar) og Jorunn Undheim (vokal).
Pris: 420/350. Kjøp billettar her
Foto: Bjørge Verbaan/Ragnhild Utne
I tillegg til konsert blir det kåseri av Ørjan Zazzera Johansen.