Middag med Hulda Garborg
11. januar 2025 @ 19:30 - 22:00
Visste du at Hulda Garborg reiste verda rundt og samla inspirasjon i matvegen? Ho skreiv boka Heimestell der ho delte oppskrifter inspirert av andre lands kokekunst kombinert med kortreiste råvarer. No gjenskaper me oppskrifter frå boka hennar i samarbeid med Kjetil Skaret frå Servit og Garborgdagar. Kjetil er Brynebu og har jobba på det som var nokre av Noregs beste gourmetrestaurantar, Finnegaardstuene og Jans Mat og Vinhus. Det vert minst 5-rettar med nokre små kulturelle innslag. Arrangementet er eit oppspel til Garborgdagar og er på Apoteket (tidlegare Jærkokken). Pris: 1180,- per pers. inkludert eit glas velkomstdrikk. Vin som er tilpassa maten kjøper du eventuelt når du kjem.
Begrensa med plassar! Kjøp billett her