Skip to content
Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Kunstutstilling: Rotvelt

30. januar @ 18:00 - 19:00
Gratis

Undertittel: Utstillingsopning med kunstnar Jørund Aase og forfattar Øyvind Rimbereid

Stad: Bryne mølle 

 

I utstillinga Rotvelt tar Jørund Aase utgangspunkt i tema som sivilisasjonskollaps og meiningsvakuum, sensitivitet og transformasjon. Arne Garborg var eit sensitivt menneske som kjende djupt på omveltningane i si tid, og tok kompromisslause oppgjer med utdaterte tradisjonar og tankesett. I vår tid står krisene i kø, og har nådd eit globalt eksistensielt farenivå. Utstillinga i Bryne mølle kan sjåast som eit farvel til verda slik me kjenner ho, kor spørsmålet er om me kan finna ein veg vidare og kva den i så fall skal vera.  

Jørund Aase er biletkunstnar som i stor grad arbeider eksperimetelt med ulike kunstnarlege utrykk og metodar. Han har bak seg ei rekkje separatutstillingar i Noreg og i utlandet. Fire gonger har han delteke på Høstutstillingen.

Under utstillingsopninga les forfattar Øyvind Rimbereid frå diktsamlinga Solaris korrigert. Både det eksperimentelle språket og postapokalyptisk tematikk har fellestrekk med Jørund Aases utstilling.

 

Jørund Aase er biletkunstnar som i stor grad arbeider eksperimetelt med ulike kunstnarlege utrykk og metodar. Han har bak seg ei rekkje separatutstillingar i Noreg og i utlandet. Fire gonger har han delteke på Høstutstillingen.

Øyvind Rimbereid er forfattar og lyrikar blant anna kjend for diktsamlinga “Solaris korrigert”. Dette er eit av 25 verk som inngår i norsk litteraturkanon.

 

Pris: Gratis

Arrangør: Bryne Kunstforening

Foto: Jørund Aase.

 

Detaljar

  • Dato 30. januar
  • Tid:
    18:00 - 19:00
  • Billettpris: Gratis

Stad

  • Bryne mølle
Scroll To Top